Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS er eit rådgjevande ingeniørkontor med hovudbase i Eikelandsosen, Bjørnafjorden kommune.
Me utfører oppdrag på vegne av private, næring og offentlege og har eit stort spekter av arbeidsoppdrag.
Ta gjerne kontakt for ein hyggeleg samtale og rettleiing for beste veg til ditt mål.

HOVUDARBEIDSFELT

– Prosjektadministrasjon
– Regulering
– Kommunalteknisk planlegging
– Taksering
– Byggemelding

KONTAKT OSS

Postboks 103
5649 Eikelandsosen
56 58 11 30
post@byggadmin.no
Org. nr. 992 238 755

REFERANSEPROSJEKT

Byggesøknad – Morvikveien 198 – Bergen kommune

Byggemelding av einebustad i Morvik i Bergen kommune med garasjedel og fleire forstøtningsmurar. Bustaden er i tråd med kommuneplanen, men det vart naudsynt med dispensasjon frå gjeldande reguleringsplan frå 1965. Topografien på eigendommen var noko utfordrande, men gav mogelegheit til eit spektakulært bygg i regi av Norgeshus Byggmester Kjell Aarvik.

Detaljregulering – Skeisstøa, Nordstølen – Bjørnafjorden kommune

Me bistod grunneigar med å lage detaljregulering med sikte på ein blanding av einebustader og fleirmannsbustader i tråd med overordna plan. Eigedommen ligg ideelt til med tanke på fortetting av eit allereie velutvikla bustadområde, nærleik til skule, barnehage og liknande. Eit hovudfokus har vore å skapa eit attraktivt leike- og uteopphaldsareal [...]

Detaljregulering SNIL-Arena – Bjørnafjorden kommune

Søre Neset IL har eit klart ønske om å utvide aktivitetstilbodet sitt på Søre Neset og me bistod med detaljregulering som mogleggjer bygging av idrettshallen SNIL-Arena, samt tilrettelegge det hittil utilgjengelege friluftsområdet ved Bjørnavatnet for bruk av idrettslaget, barneskulen og ålmenta. I høve til detaljreguleringa var det og naudsynt med [...]

Detaljregulering Hjartnes – Bjørnafjorden kommune

Detaljregulering av naustområde på gbnr. 217/1 m.fl. i tråd med gjeldande kommunedelplan. Det blir lagt til rette for naustutbygging med naust i rekkjer på 3 til 4, tilhøyrande kai, flytebrygge, gangareal, båtslipp og parkering. Me leverte komplett detaljregulering. Plankart kan sjåast her. https://www.osogfusa.no/nyhende/nytt-naustomrade-pa-hjartnes-det-gar-eit-skilje-mellom-gamle-os-og-fusa/  

Byggesøknad – Riplegården – Bergen Kommune

Riplegården 55 var eit spennande prosjekt i Bergen kommune, der tiltakshavar ønska å bygge ein einebustad med takterrasse, garasje, og utleigedel. Det som gjorde denne saka spesiell var at topografien på tomta gjorde det naudsynt med høge skjæringar i bakkant for å få plass til huset, og gjer plasseringa ein [...]

Detaljregulering – Naust, kai og parkering Håvika/Ølve – Kvinnherad kommune

Me bistod grunneigar med å utvide eksisterande naustområde med fleire naust, betre parkeringstilhøve og ein felles badeplass i Håvika i tråd med overordna plan som hadde stilt krav om detaljreguleringsplan for området. Hovudproblemstillinga i planarbeidet var tilkomst til sjø, strandsoneforvaltning og rasfare. Detaljreguleringa vart godkjent i kommunestyret den 24.06.2021 https://www.grenda.no/nyhende/12-nye-naust-i-olve/ [...]

Detaljregulering for Fv. 5110 – Parkering og anlegg, Holdhus

Detaljreguleringsplan for gamle Fusa kommune. Utgangspunktet for planen var krav frå Statens Vegvesen om endring av kryss mellom fylkesveg og kommunal veg ved Heimdal, som krav for at ski- og idrettssenteret Bygdastølen kunne takast i bruk. Vidare var det ønske om vegutviding med fortau/ gang- og sykkelveg frå Hålandsdalen Montessoriskule [...]