Detaljreguleringsplan for gamle Fusa kommune.

Utgangspunktet for planen var krav frå Statens Vegvesen om endring av kryss mellom fylkesveg og kommunal veg ved Heimdal, som krav for at ski- og idrettssenteret Bygdastølen kunne takast i bruk. Vidare var det ønske om vegutviding med fortau/ gang- og sykkelveg frå Hålandsdalen Montessoriskule til kryss ved Hålandsdalen leirskole og parkering og toalett-fasilitetar til Holdhus gamle kyrkje ettersom Holdhus gamle kyrkje har ca 5 500 besøkjande for året, og over 3 000 av dei besøkjande kjem med buss.

Idrettsplassen vart teken i bruk i 1957. Hålandsdalen Idrettslag har i mange år hatt eit sterkt skiskyttarmiljø. I 2008 vart nytt skyteanlegg med 50 m bane og 23 sjølvanvisarar, teke i bruk. Skiskyttaranlegget ligg svært praktisk til inntil Idrettsbanen, med garderobe og gymnastikksal i skulen og med lysløypeanlegg. Lysløypa er seinare asfaltert, og kan dermed òg brukast til rulleskitrening på sommarstid. Skiskyttaranlegget er derfor i bruk både sommar og vinter.

Emne støy frå skyteanlegget, og då spesielt støy når kula treff sjølvanvisaren, har vore emne like sidan oppstart. Ein grunneigar har i fleire skriv teke dette opp, samt krav om skytebaneinstruks. Krav om tiltak kom i brev frå advokat av 03.09.2014 og krav frå Fylkesmannen av 12.02.2015. Kommunen fekk utarbeidd ein støyvurdering frå Cowi AS datert 13.10.2015. denne er ajourført 23.03.2018 utifrå nye retningslinjer. Instruks for skytebanen for skiskyting vart godkjent 24.03.2015.

https://www.osogfusa.no/meiningar/holdhus-gamle-kyrkje-uakseptabelt-det-kan-ikkje-halda-fram-slik/

https://www.osogfusa.no/nyhende/klagen-pa-denne-snuplassen-vart-avvist-av-pbu/

https://www.osogfusa.no/nyhende/statsforvaltaren-stadfester-kommunen-sitt-vedtak-sakleg-behov-for-a-leggja-til-rette-for-parkerin/

Plankart