Med heimel i plan- og bygningsloven §12-14 vert det med dette varsla om at Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS på oppdrag for tiltakshavar Georg Espenes søker om mindre endring av Detaljregulering for Grimeneset strand- og naustområde, reguleringsendring vedteken i 2016. Tiltakshavar er grunneigar for gbnr. 119/12 som denne endringssøknaden omfattar.

Bakgrunnen til at ein ønsker å søke om endring er for at tiltakshavar skal kunne etablere ein molo som kan nyttast til føremålet, ettersom den tidlegare regulerte plasseringa av moloen i praksis vil medføre ein molo utan praktisk bruksverdi og funksjonalitet. Sistnemnde kjem frå dei at det er ei grunne på innsida av regulert molo, og ein ikkje vil få tilflot til moloen.

Søknaden kjem og som eit forsøk på å lovleggjera den eksisterande utfyllinga i sjø som på utfyllingstidspunktet diverre ikkje vart omsøkt av tiltakshavar.

Historia kring utfyllinga og søknadsprosessen hittil vert kort summert under punkt 1, medan omsøkte endringar vert skildra under punkt 2, og moglegheita til å endre reguleringsplanen etter forenkla prosess vert skildra i punkt 3 i dette dokumentet.

 

1. HISTORIEN BAK UTFYLLINGA:

Under bygging av Moshovdatunnelen i 2008, om lag 600 m frå kaiområdet, hadde Statens vegvesen ein god del overskotsmassar, og dei kunne med fordel nyttast i nærområdet kontra å transportere dei langvegs. Derfor fekk tiltakshavar tilbod frå utbyggar om kjøp av steinmassar frå tunnelen. Dette vart gjennomført og utfylt i sjø ved gbnr. 119/12. Det er ein pågåande ulovlegheit sak (arkivsak 20/14470) vedr. denne utfyllinga, og tiltakshavar ønsker å påpeike at saka er framstilt som om han bevisst skal ha gjort noko ulovleg, og påpeiker at han hadde hyppig kontakt med sakshandsamar i Fusa kommune vedkommande arbeid med molo i sjø, og fekk beskjed om at det ikkje låg noko i vegen for å plassera massane førebels i sjøen så lenge han fekk godkjenning av kystverket. Godkjenninga av kystverket fekk tiltakshavar 05.08.2008.

Uansett er det ved ein inkurie frå entreprenør, tiltakshavar eller kommunen, gjort fleire feileplasseringar av steinmassar utifrå kva som det faktisk var løyve til. Fyllinga er i seg sjølv plastra på utsida, og tek utgangspunkt i stranda og plasseringa av regulert molo, men med ein vesentleg større utstrekning enn reguleringsplanen opna for.

 

  • Tidlegare planprosess (2008 – 2016):

Den overordna reguleringsplanen for området rundt vart godkjent i 2008, og same år som denne vart godkjent starta ein med ein ny planprosess for å regulere inn utfyllinga som kai i 2008/2009.

Bakgrunnen til dette var at det allereie på det tidspunktet var etablert ei fylling i sjø på området, og plasseringa av den regulerte moloen diverre var så lite gjennomtenkt at det ville resultert i ein molo som ikkje kunne brukast til noko.

Dette planframlegget kom Fylkesmannen med motsegn til, og etter mekling i 2011 vart det stilt krav om at regulert molo frå 2008 skulle vidareførast. For at Fylkesmannen skulle trekke motsegnet, vart dette gjort og gjeldande plan vart deretter godkjent i 2016 utan at den eksisterande utfyllinga vart omregulert. Hovudpunktet frå motsegnet til Fylkesmannen (14.09.2010) var at dei vurderte området som godt eigna for friluftsliv, og at tilsiget av ferskvatn og ei strandsone med lausmassebotn gjer at området kan vera ein viktig naturtype for biologisk mangfald. Ei vesentleg større utfylling enn det gjeldande plan opnar for kan verka negativ for både biologisk mangfald og friluftsliv.

——

Ettersom ein no i større grad enn i den tidlegare planprosessen har utvida kunnskapsgrunnlaget kring det biologiske mangfaldet i sjøområdet der utfyllinga har teke stad, har ein kunne vurdert effekten den eksisterande utfyllinga har på det biologiske mangfaldet, og kunne vurdere dette oppimot effekten fjerninga av utfyllinga vil ha på det same biologiske mangfaldet. Dette er gjennspegla av konklusjonen frå Rådgivende Biologer AS i deira naturmangfaldsrapport:

Det vurderes, med bakgrunn i at området med molo er vel re-etablert etter utfylling og ettersom det ligger en ålegraseng i umiddelbar nærhet, som minst skadelig for det marine naturmangfoldet å la molo være fremfor å fjerne den.

  • Søknadsprosess: 03.09.2020 – 02.01.2023

Sjå arkivsak 20/14470 og 20/15923 for søknadsprosessen for fullstendig oversikt over saksdokument. Søknadsprosessen vert uansett summert opp under:

Den 03.09.2020 sendte kommunen ut eit førehandsvarsel om at kommunen vil kunne fatte vedtak om retting av utfyllinga dersom den ikkje vert brakt til lovlege former ved å tilbakeføre eller søke om retting av tiltaket. Seinare same månad sendte me, på vegne av tiltakshavar, inn ein søknad om reduksjon av moloen og lovleggjering gjennom ein dispensasjonssøknad, og denne vart godkjent på delegert mynde den 01.12.2022.

18.12.2020 vart godkjenninga påklaga av Advokatfirmaet Schjødt AS på vegne av nabo. 26.05.2021 var klagesaka oppe til Plan, bygg- og miljøutvalet i kommunen etter at dei hadde vore på befaring i området, med den konklusjon at klagen ikkje vart teken til følgje.

17.08.2021 omgjorde Statsforvaltaren vedtaket til kommunen slik at søknaden om dispensasjon vart avvist. Bakgrunnen til at Statsforvaltaren omgjorde vedtaket er skildra kort i kulepunkta under:

  • Kommunen skal regulere byggeaktiviteten gjennom plan for å få ein heilskapleg vurdering av bruken av områda i kommunen.
  • Det skal ikkje være kurant å gje dispensasjon etter §19-2, og tiltak i 100-metersbeltet skal handsamast strengt.
  • Dispensasjon etter §19-2 annet ledd kan berre gjevast dersom omsyna bak føresegna ikkje vert vesentleg satt til side, og fordelane er klart større enn ulempene. Statsforvaltaren kan ikkje sjå at det er peikt på konkrete moment som tilseie at vilkåra for dispensasjon er oppfylt.
  • Planprosessen som vart avslutta i 2016 resulterte i dagens regulerte situasjon på bakgrunn av medverknadsprosessen knytt til røyrte partar og sektormynde. I det høve synast det til motsegn frå Fylkesmannen frå 2010, med bakgrunn i at området då var vurdert godt eigna til friluftsliv og at tilsig av ferskvatn og strandsone med lausmassebotn gjer at området kan være ein viktig naturtype for biologisk mangfald.
  • Sjølv om moloen vert redusert, vert storleiken på moloen auka om ein samanliknar med regulert molo, og dette vil sette omsynet til planen vesentleg til side.

Som følgje av omgjeringa vart dispensasjonssaka avslutta, og kommunen sendte ut vedtak i ulovlegheitsaka den 30.08.2021 med frist om retting innan 01.05.2022. 29.09.2021 vart det halde eit arbeidsmøte mellom tiltakshavar, konsulent og administrasjonen for å diskutere prosessen vidare.

Den 17.12.2021 vart det gjennomført befaring og nytt møte mellom tiltakshavar, konsulent og administrasjonen for å diskutere prosessen vidare. Konklusjonen var å ta eit nytt møte med planavdelinga i staden for byggesak.

Den 11.02.2022 vart det haldt eit nytt møte med planavdelinga i kommunen, kor ein diskuterte mogelegheiter for lovleggjering av tiltaket gjennom ein planprosess, med den konklusjonen at det truleg ikkje var mogeleg med ein mindre endring av planen med bakgrunn i at naturmangfaldet som vert råka av omgreguleringa medføre at ein ikkje oppfyller krava etter pbl § 12-14, annet ledd. Med det som bakgrunn vart ein einige om å utvide kunnskapsgrunnlaget kring naturmangfaldet gjennom ein ekstern rapport frå Rådgivende biologer AS, slik at rapporten kan være førande for den vidare prosessen. 14.02.2022 vart Rådgivande biologer tinga til å gjennomføre undersøkingane.

16.05.2022 etterspurde byggesak plan for fjerning av masser og sendte førehandsvarsel om tvangsmulkt. 30.05.2022 og 10.06.2022 vart det sendt inn informasjon til byggesak om framdriftsplan for Rådgivende biologer sine undersøkingar og påfølgande rapport, samt ønske om utsetting av frist om til retting fram til januar 2023.

10.11.2022 vart byggesak oppdatert på framgang i biologane sitt arbeid.

27.12.2022 vart konsekvensutgreiinga til biologane sendt over til kommunen saman med ein plan for å sende inn denne søknaden om mindre endring av gjeldande reguleringsplan i løpet av januar 2023, med den bakgrunn at konklusjonen til den forenkla konsekvensutgreiinga av marint naturmangfald legg fram at det vil være minst skadeleg for det marine naturmangfaldet å la moloen ligge slik den er framfor å fjerne den.

02.01.2023 vart det gjeve utsatt frist i ulovlegheitsaka til 01.06.2023 i samband med søknad om mindre endring av reguleringsplanen.

 

2. OMSØKTE ENDRINGAR

Endringsønske på området for kai/molo er å endre kaiarealet i planen frå 2016 til ein meir funksjonell kai som tek utgangspunkt i dagens situasjon. Føremålet med dette er at ein skal kunne få ein kai som faktisk kan nyttast til sitt føremål.

Endringsønske medfører ikkje nye inngrep i sjø, eller ytterlegare utfylling. Arealmessig vert kaiarealet auka frå om lag 76,2 m2 i gjeldande plan til 282,8 m2 på bekostning av areal avsett til naturområde i sjø. Effekten dette vil ha på sjøarealet er utgreia i eigen konsekvensutgreiing og denne ligg vedlagt.

Ønska endring av kaiområdet medfører ikkje endringar i føresegna til planen, men det er i samband med endringsønske gjennomført ein generell oppdatering av plankartet og føresegna. Dette er mellom anna:

  • Oppdatert forkortingar i plankartet og føresegn til dagens standard.
  • Oppdatert henvisningar til gbnr. ettersom desse vart endra gjennom kommunesamanslåinga.
  • Oppdatert omriss kring eksisterande naust i L1 og L2.
  • Lagt inn BYA i plankart
  • Tatt vekk illustrert slipp i plankart, og sikra denne gjennom føresegn 4.2 i staden.
  • Endra plassering av f_FL2 slik at denne samsvarer med eksisterande plassering.
  • Regulert inn grensa mellom strandsone og landareal meir nøyaktig i tråd med nytt digitalt kartgrunnlag.
  • Lagt inn ei omsynssone med tilhøyrande føresegn for bevaring av naturmiljø etter miljøfagleg uttale frå kommunens klima- og miljøvernrådgjevar

 

3. VURDERING – PBL §12-14, ANDRE LEDD

Den omsøkte endringa kjem, som nemnd, etter ein lang søknadsprosess kring lovleggjering av eit ulovleg tiltak, og moglegheita for at ein kan gjennomføre ei endring etter forenkla prosess kjem frå konklusjonane i vedlagt rapport frå Rådgivende Biologer AS. Uansett er det naudsynt med ein konkret vurdering om planendringa oppfyller dei tre kriteria satt i PBL § 12-14 andre ledd., og dette er gjort i kulepunkta under:

  • Planendringa vil i liten grad påverke gjennomføringa av planen for øvrig

Planendringa omhandlar i korte trekk ein omregulering av ei eksisterande utfylling i sjø til kai, og vil ikkje påverke gjennomføringa av planen for øvrig. Kaiområdet ligg på gbnr. 119/12 og er på eigendommen til tiltakshavar. Dei nærmaste regulerte byggverka i planen er UNB1 og UNB2. Desse er regulert på tiltakshavar sin eigedom, og vert ikkje påverka i nemneverdig grad av endringa ettersom reguleringa av kaiarealet ikkje er til hinder for etablering av desse.

Med tanke på arealreduksjon av naturområde i sjø syner vedlagt konsekvensutgreiing at det beste for naturmangfaldet å la fyllinga ligge slik den er.

Med tanke på f_SKOG som ligg nord for kaiområdet vert ikkje dette arealet endra, og vil framleis grense mot sjøareal i sør og aust.

 

  • Planendringa vil ikkje gå ut over hovudrammene i den gjeldande planen

Hovudrammene til gjeldande plan var naust, veg, kai, parkering landbruksføremål, skogbruk- og opplagsplass samt friluftsføremål.

Planendringa vil ikkje medføre ein reduksjon eller på nokon måte forringe hovudrammene i gjeldande plan, og det vil fortsatt være mogeleg å bygge ut planen etter hovudrammene dersom denne omsøkte endringa vert godkjent.

Endringsønske om å utvide kaiarealet vil heller styrke hovudrammene i planen, ettersom det gjennom planendringa vert opna for eit område som kan nyttast til kaiføremål, medan det regulerte kaiarealet frå gjeldande plan diverre er så ugunstig plassert at det har lite nytte som kaiområde.

 

  • Planendringa vil ikkje råke ved omsynet til viktige natur, og friluftsområde

Det er ingen viktige registrerte natur og friluftsområde i planområdet, men som ein del av denne omsøkte planendringa har ein utvida kunnskapsgrunnlaget for å synleggjere at det skal være mogleg å gjennomføre ein planendring etter forenkla prosess.

Omsynet til naturområde:

Med tanke på naturområde er det ingen i registrerte naturområde i planområdet, og ei heller registrerte naturområde så nært planområdet at dei vert råka av omsøkt endring. Næraste registrerte naturområde  er:

  1. Eit viktig ålegrassamfunn i sjøområdet utanfor Lundevika. Dette ligg om lag 500 m i luftlinje nordaust for kaiområdet, og vil ikkje verta råka av omsøkt planendring. Sjå faktaark: https://faktaark.naturbase.no/?id=BM00126814
  2. Eit lokalt viktig blautbotnsområde i og ved Strandsona i Lundevika. Dette ligg om lag 450 – 550 m i luftlinje nordaust for kaiområdet, og vil ikkje verta råka av omsøkt planendring. Sjå faktaark: https://faktaark.naturbase.no/?id=BM00058189
  3. Ei lokalt viktig hagemark beståande av ein hagemarkskog med ein sjeldan overgang frå kulturmark til strandeng ved Svananeset. Dette ligg om lag 450 m i luftlinje nordaust for kaiområdet, og vil ikkje verta råka av omsøkt planendring. Sjå faktaark: https://faktaark.naturbase.no/?id=BN00012421
  4. Fleire punktvise registreringar av hule eiker, korav ingen av dei ligg så nærme planområdet at dei vert råka av omsøkt planendring.

Uansett har det vore, gjennom motsegn ved førre planprosess, påpeika av Fylkesmannen i Hordaland at tilsiget av ferskvatn og ei strandsone med lausmassebotn gjer at området kan vera ein viktig naturtype for biologisk mangfald. Derfor vart det gjennomført ei forenkla konsekvensutgreiing av naturmangfaldet.

Rapporten syner at Fylkesmannen hadde rett i sine vurderingar om at det kunne være viktige naturtypar i sjøområdet. Kartutklippet under syner kvar Rådgivende Biologer AS fann ålegras i sjøområdet i/ved eksisterande fylling, og kva del av ålegrasområdet som er gått tapt som følgje av utfyllinga.

Rapporten syner at utfyllinga medførte skader på ålegrassenga då den vart gjennomført, og vurderte vidare kva effekt fjerning av same utfylling vil ha på resterande del av ålegrassenga. I samband med ei eventuell fjerning av utfyllinga skriv Rådgivende Biologer:

På samme måte som ved utfylling, vil en eventuell fjerning av den etablerte moloen ved Grimeneset medføre økt støy, samt tilførsler av partikler som finstoff og steinstøv, og en kan forvente de samme midlertidige påvirkninger innenfor influensområdet som ved etablering av molo. På samme tid vil fjerning av molo medføre tap av de etablerte marine hardbunnshabitatene og artene på molokanten, samt tap av hulrom og skjul som moloen skaper.

På sikt vil igjen habitatene langs fjæresonen rekoloniseres av arter på de nye habitatene som kommer frem når moloen fjernes. Dette gjelder både hardbunnshabitat i fjæren og bløtbunn i sjøsonen. Rekolonisering vil typisk skje ved migrasjon av adulte individer fra nærliggende områder eller gjennom planktoniske larvestadier. Tidsaspektet på rekolonisering kan variere, da både størrelse på det aktuelle området, temperatur, næringsforhold, lysforhold, strømforhold og bølgeeksponering er med å påvirke en rekoloniseringsprosess. Høye konsentrasjoner av næringssalter og høye temperaturer kan favorisere trådformede alger, som det allerede var tett vekst av i området. Når det gjelder bløtbunn i sjøsonen er det forventet en gradvis rekolonisering av bunnsamfunnet etter hvert som naturlig sedimentasjon endrer bunnforholdene i retning av de øvrige massene i området.

Ettersom det ikke er gjennomført risikovurdering av forurenset sediment kan en ikke med sikkerhet si noe om en eventuell fjerning av molo vil medføre spredning av miljøgifter til nærområdet.

Det vurderes, med bakgrunn i at området med molo er vel re-etablert etter utfylling og ettersom det ligger en ålegraseng i umiddelbar nærhet, som minst skadelig for det marine naturmangfoldet å la molo være fremfor å fjerne den.

Med dette som utgangspunkt er vår vurdering at ein kan gå vidare med omsøkte planendring ettersom ein tek størst omsyn til naturtypen ved å la utfylling i sjø være, sidan fjerning av utfylling vil råke naturtypen i større negativ grad enn å la den ligge.

Omsynet til friluftsområde:

Med tanke på registrerte friluftsområde er dei to næraste friluftsområda synt på Figur 5 under, og er:

  1. Eit svært viktig leike- og rekreasjonsområde som strekk seg frå Lundevika til Svaneneset. Sjå faktaark: https://faktaark.naturbase.no/?id=FK00022658. Dette ligg om lag 400 m i luftlinje nordaust for kaiområdet, og vil ikkje verta råka av omsøkt planendring.
  2. Eit viktig nærturterreng ved Moshovda som ligg om lag 500 m i luftlinje nordvest for kaiområdet. Sjå faktaark: https://faktaark.naturbase.no/?id=FK00022675. Dette friluftsområdet vert ikkje råka av omsøkt planendring

4. MEDVERKNAD/VARSLING

Eventuelle merknader eller synspunkt kan sendast skriftleg til Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS, Postboks 103, 5649 Eikelandsosen eller til post@byggadmin.no

Ved spørsmål, innspel, oversending av rapport frå Rådgivende biologer eller for meir informasjon kan ein kontakte: Petter E. T. Flotve på tlf. 95795230 eller petter@byggadmin.no

 Frist for uttale er satt til 17.03.2023

Plankart – 23.02.2023-A3