Med heimel i plan- og bygningsloven §12-14 vert det med dette varsla om at Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS på oppdrag for Litlafjell Utbygging AS har sett i gong arbeid med ein mindre endring av nemnde detaljreguleringsplan.
Tiltakshavar er grunneigar for gbnr. 44/659 og reguleringsplanen ein søker om å endre omfattar heile dette gards- og bruksnummeret. Bakgrunnen for endringa av planen kjem frå at tiltakshavar har erfart at blokkbygg på eigendommen ikkje har truffet kjøpargruppa i området, og ønsker derfor å gå frå bort frå dette føremålet og i staden legge opp til 4 stk 4-mannbustader. Det er berre området som er regulert til bustad som vert endra, og ein legg med andre ord ikkje opp til ein reduksjon i regulert ute- og leikeområde, og totalt antall bueiningar vert og reduser.
På bakgrunn av ovannemnde er omsøkte endringar i plankartet er at ein omregulerer arealføremålet frå blokk (BBB) til konsentrert bustad (BK). Leikeplass, uteområde og omsynssona får nye namn ettersom plankartet vert oppdatert til dagens standard, men vert utover dette ikkje råka.
Tidlegare regulert avkøyrslepil og f_SPA er fjerna. Dette kjem av at ein ønsker å avklare avkøyrslepunktet og området for parkering ved detaljutforming av planområdet, og lar det derfor vere opent innanfor arealføremålet BK.
Føresegnsområde tidlegare synt som # er no endra til #1 og har fått noko endra utforming, slik at det skal være mogeleg å nytte området som ein eventuell parkeringskjellar dersom dette er ønskeleg i utbyggingsprosessen.
Føresegna er på generell basis revidert og oppdatert slik at dei er meir i tråd med dagens standard. Desse endringane kan sjåast i vedlagte dokument med sporting (raudfarge), for å enklare kunne sjå omsøkte endringar og oppdateringar. Hovudendringa er gjort i føresegn 8 og kan sjåast i under:
§ | Originalt: | Endring: |
8.1 | Utnytting for byggeområde BBB er sett til 45% BYA. | Utnytting for byggeområde BK er sett til 45% BYA. |
8.2:
|
Maksimal gesismhøgd er sett til kote +61 mot vest, kote +58 mot nordaust og kote +50 mot søraust. Blokk mot vest skal trappast ned mot vest. Blokk mot nordaust skal trappast ned mot aust. Maks gesimshøgd er eksklusiv heis- og ventilasjonshus. | Maksimal gesimshøgd er sett til kote +61 mot vest, kote +58 mot nordaust og kote +51 mot søraust. |
Merknader:
Eventuelle merknader eller synspunkt kan sendast skriftleg til Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS, Postboks 103, 5649 Eikelandsosen eller til post@byggadmin.no
Ved spørsmål, innspel, oversending av fullstendig søknad, eller for meir informasjon kan ein kontakte: Petter E. T. Flotve på tlf. 95795230 eller petter@byggadmin.no
Frist for uttale er satt til 12.06.2023