Med heimel i plan- og bygningslova §12-14 annet ledd, varslast det om at Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS på vegne av tiltakshavar R. Austestad Holding AS søker om ein mindre endring av nemnde reguleringsplan.
Tiltakshavar er ein lokal entreprenør og har i lang tid vore på jakt etter ein eigedom til sin verksemd. I samband med dette såg han at del av gbnr. 122/3 og 8 var potensielle område sidan begge er delvis avsett til næring. Tiltakshavar ønsker derfor å dela i frå ei tomt som kan nyttast som eit næringsområde og etablera eit lagerbygg/verkstadlokale på.
Det er og planlagt å justere føremålsgrensene noko, ettersom områdeplanen brukte stipulerte eigedomsgrenser som det i etterkant har vist seg at det har vore ein del avvik på. Dette har medført at eigedomsgrensa mellom gbnr. 122/8 og 46 blei flytta fire-fem meter lenger vest. Dette kan sjåast til venstre på Figur 2, der eigedomsgrensa går gjennom LNF og friområde, medan det originalt var planlagd i føremålsgrensa til næringsområdet. Ettersom flytting av eigedomsgrensa medførte ein reduksjon i LNF-areal og friområdet er dette tilbakeført på sørsida av næringsområdet, slik at den totale mengda grøntareal ikkje går ned. Dette makebytte er reint arealteknisk då både det regulerte friområdet og LNF-arealet i dette området er ueigna for aktivitet/bruk.
For område BN12 er det sett krav om detaljregulering, men etter dialog med kommunen vart det einigheit om at ei mindre endring av områdeplanen vil vere meir hensiktsmessig. Endringa går ut på å skilje gbnr. 122/3, 8 og 46 frå næringsføremålet BN12 i områdeplanen, slik at desse får føremålet BN18. På denne måten kan tomtene byggast ut i tråd med føringane områdeplanen har satt for det eksisterande området på Eikelandsheiane.
Endringane i føresegn:
Gjeldande arealføremål BN12 er næring, og denne omsøkte endringa er i tråd med næringsføremålet BN12. I føresegna til områdeplanen for Eikelandsosen står det spesifikt:
- For område BN12 er det krav om utarbeiding av detaljregulering før det vert sett i verk tiltak som nemnt i plan- og bygningslova §20-1.
Då gbnr. 122/3, 8 og 46 ikkje er direkte tilknytt BN12, ynskjer ein no å endre områdeplanen ved å skilje nemnde eigedommar frå næringsområde BN12, slik at nytt føresegnsområde vert BN18, og vert innlemma i føresegn 2.1.14.1 og 2.1.14.1a. Slik at det vert BN1 – BN11 og BN18.
Føresegn er oppdatert i tråd med skredfarerapport frå Multiconsult, og er innlemma i føresegn for Områdeplan for Eikelandsosen:
- 3.1.3.4 Faresone H310_5 har ei årleg nominell sannsyn 1/1000 basert på feltobservasjonar, faglege vurderingar og modellering av feltobservasjonar. I området kan det førast opp lagerbygg og anlegg som ikkje er til varig opphald.
- 3.1.3.5 Faresone H310_6 har ei årleg nominell sannsyn 1/100 basert på feltobservasjonar, faglege vurderingar og modellering. I området skal det ikkje førast opp bygg, opparbeidast anlegg eller andre aktivitetar for mellombels eller varig opphald.
Merknader:
Eventuelle merknader eller synspunkt kan sendast skriftleg til Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS, Postboks 103, 5649 Eikelandsosen eller til post@byggadmin.no
Ved spørsmål, innspel, oversending av føresegn eller for meir informasjon kan ein kontakte: Petter E. T. Flotve på tlf. 95795230 eller petter@byggadmin.no
Frist for uttale er satt til 06.03.2023