Med heimel i plan- og bygningslova §12-8 vert det varsla om at Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS har sett i gong arbeid med ein reguleringsplan for Per Ole Røttingen mfl.
Bakgrunnen for planønsket kjem av at det er fleire naboar med bustadtomter som no har gått saman for å lage ei meir heilhetleg utbyggingsplan for området. Føremålet er dermed bustadbygging og er i tråd med kommunedelplan for Bjørnafjorden vest. Bustadbygging her vil med andre ord sikre ein vidare vekst i området i same stil som eksisterande bustadmiljø som hovudsakeleg består av einebustader med ein blanding av moderne og tradisjonell byggeskikk. Totalt sett vil ein planprosess her opne for inntil nye 20 einebustader, med ein utnyttingsgrad på kring 25–35%.
I samband med reguleringsplanen vart det halde oppstartsmøte med administrasjonen den 19.01.2023, og oppstartsløyve vart gjeve i same møte.
Ein legg opp til å følgje gjeldande standardar for prosjektering av nybygg, tilkomstveg og avkøyrsle slik at dette vert i tråd med dagens krav. Det er og ein ambisjon at flest mogleg av bustadane kan brukast uavhengig av brukaren sitt funksjonsnivå, og ein vil finne areal til felles leikeplassar og skape felles gangtilkomst til desse frå alle bustadtomtene i planområdet.
Planområdet er på om lag om lag 45,5 daa, og omfattar ønska til bustadfelt, noko grøntareal, eksisterande bustadar og vegareal. Med tanke på tilkomstveg er det i hovudsak tenkt å utbetre vegen som går over gbnr. 29/9 ettersom denne har best forutsetningar for ein auke i trafikk.
Merknader:
Eventuelle merknader eller synspunkt kan sendast skriftleg til Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS, Postboks 103, 5649 Eikelandsosen eller til post@byggadmin.no innan 14.07.2023
Ved spørsmål, innspel, oversending av føresegn eller for meir informasjon kan ein kontakte Petter E.T Flotve på tlf. 957 95 230 eller Petter@byggadmin.no