Med heimel i plan- og bygningslova §12-8 vert det varsla om at Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS har sett i gong arbeid med ein reguleringsplan for Aarvik Eiendomsutvikling AS på nemnde eigedom. I samband med dette vart det halde oppstartsmøte med administrasjonen den 17.03.2023, og oppstartsløyve vart gjeve i same møte.
Bakgrunnen for planønske er at tiltakshavar ønsker å forlenge det eksisterande bustadfeltet ved Stølshaugen, både med tanke på fortetting av eit sentrumsnært område, og med tanke på vidareutvikling av eit allereie veletablert bustadområde med alle eigenskapane dette fører med seg. I høve utforming ser ein føre seg tomannsbustadar med inntil 14 nye bueiningar. Vidareutviklinga legg opp til same type konseptbustadar som tiltakshavar allereie har bygd fleire stader i Bjørnafjorden og omegn. Utforminga av bustadane er tenkt i ein variert stil utifrå marknaden, og tomtene skal plasserast slik at det ikkje vert monotone rekkjer. Det vert lagt opp til å halde seg innanfor og under den generelle makshøgda satt for bustadhus i plan- og bygningslova.
Planområdet er om lag 5,5 daa, og inneheld heile arealet avsett til bustad i ny KDPA for Bjørnafjorden vest, samt ein naturleg del av eksisterande Detaljregulering Stølsvegen 63/9 med Plan-ID 19990040.
Merknader:
Eventuelle merknader eller synspunkt kan sendast skriftleg til Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS, Postboks 103, 5649 Eikelandsosen eller til post@byggadmin.no innan 20.06.2023
Ved spørsmål, innspel, oversending av føresegn eller for meir informasjon kan ein kontakte Petter E.T Flotve på tlf. 957 95 230 eller Petter@byggadmin.no.