Med heimel i plan- og bygningslova §12-8 vert det varsla om at Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS har sett i gang arbeid med reguleringsplan for Sameigelaget på Lyngøy.
Det vart halde oppstartsmøte med administrasjonen i kommunen den 02.07.2021 og oppstartsløyve vart gjeve i sak 21/6537.
Planområdet er på om lag 42,7 daa, og kan sjåast på vedlagt planavgrensing.

Føremålet med reguleringsplanen er å legge til rette for seks naust, samt eit torvhus, og planen er med andre ord ikkje i tråd med kommuneplanen. Det vart uansett gjeve oppstartsløyve for detaljreguleringa, med bakgrunn i at det allereie er eit etablert naustmiljø i området, med opning for naturleg vekst. Kommunen var i oppstartsmøte tydeleg på at sjølv om ein i all hovudsak ikkje vil tilrå oppstart til planar i strid med overordna plan, er det etter ei heilskapleg vurdering likevel opna for dette. Det er ynskeleg å legge til rette for ein vidare bruk av det historiske samfunnet på Lyngøy og det er venteleg å tru at kommunen i revisjon av arealdelen vil sette av Lyngøyhamn til naustformål med krav til regulering.

Merknader/uttaler kan sendast skriftleg til Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS, Postboks 103, 5649 Eikelandsosen eller til post@byggadmin.no innan 23.09.2022.
Oppstart av planarbeidet vert og varsla i Vestnytt den 26.08.22 og kommunens heimeside: https://www.arealplaner.no/oygarden4626/arealplaner/823

Ved spørsmål, innspel eller for oversending av planinitiativ og referat frå oppstartsmøte kan ein kontakte Petter E. T. Flotve på tlf. 56581130 eller Petter@byggadmin.no

Plangrense

Annonse