Med heimel i plan- og bygningslova §12-14 annet ledd, varslast det om at Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS på vegne av tiltakshavar Skår Kai søker om ein mindre endring av nemnde reguleringsplan.
I samband med at tiltakshavar ønsker å legge til rette for næringsverksemd i samsvar med gjeldande plan, dukka det opp to problemstillingar løysast gjennom å endre gjeldande plan etter forenkla prosess. Kort skildra er desse problemstillingane:
Båtopplag – I samband med at Brennholm Rederi AS (eigd av tiltakshavar) har behov for ein opplagsstad ønsker tiltakshavar å legge til rette for at dette kan skje ved næringsområdet i nord på Skår kai. Fartøyet er relativt stort (76 m langt), og sidan ein må ha minst 10 m djupna ved opplagsstaden er det diverre ikkje nok djupna til at fartøyet kan legge til land ved nokon av dei regulerte kaiane i gjeldande plan. Dermed må ein gjennomføre ein endring dersom dette skal være mogeleg. I samband med ovannemnde har ein sett at SK1 er best eigna for opplag, og ønsker derfor å endre utforminga av denne.
Vegtilkomst til næringsområde i sør – Den tidlegare næringsverksemda på BN6 er opphøyrd, og den eksisterande vegtilkomsten til dette næringsområdet er i svært dårleg stand. Området har med andre ord behov for ein ny og betre tilkomstveg, og dette bør samkøyrast med tilkomstvegen til dei andre næringsområda i planen slik at dei har ein felles tilkomstveg og avkøyrsle mot fylkesvegen. Ein ønsker derfor å forlenge SV4 fram til BN6 og dermed omregulerer gangvegen i gjeldande plan til veg. For å sjå på massebalanse og terrenginngrep har me detaljprosjektert den ønska vegforlenginga for å sjå kor ein kan spare mest mogeleg terrenginngrep og fylling i sjø.
Denne omsøkte endringa er ein spissing av eksisterande plan for å legge betre til rette for næringsutvikling i tråd med intensjonane til gjeldande plan.
Ved spørsmål, innspel eller meir informasjon kan ein kontakte Petter E. T. Flotve på tlf. 957 95 230 eller Petter@byggadmin.no
Merknad til endringa kan sendast skriftleg til Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS, Postboks 103, 5649 Eikelandsosen eller til post@byggadmin.no innan 01.02.2023