Med heimel i plan- og bygningsloven §12-8 vert det med dette varsla at Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS på oppdrag for forslagsstillar Thorolf Fredriksen m.fl. har føretatt ein endring av plangrense på nemnde reguleringsplan.
Bakgrunnen for dette er at det i samband med at planen skulle til endeleg godkjenning før sommarferien 2022, vart fatta eit politisk vedtak på å vurdere andre tilkomstmogelegheiter til det kommande bustadområdet i planen. Dette vart gjennomført, og etter ein felles befaring med Plan- og byggesaksutvalet den 13.12.2022 vart det gjort ein politisk premissavklaring på plassering av tilkomstveg.
Endringa av plangrensa medføre at tilkomstvegen vert flytta lenger vekk frå Kolbeinsvik Montessoriskole, og vil no ha same innkøyrsel som eksisterande veg til Beinskrokhaugen. Dette medføre og at ein må utbetre krysset ved Beinskrokhaugen, slik at det vert i tråd med gjeldande standard-
Planområde er på 30,2 daa og er fortsatt i tråd med gjeldande kommuneplan i sin heilheit. Endringa av plangrensa endrar ikkje på føremålet med planen og medfører heller ikkje krav om konsekvensutgreiing etter forskrift om konsekvensutredning.
Eventuelle merknader eller synspunkt kan sendast skriftleg til Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS, Postboks 103, 5649 Eikelandsosen eller til post@byggadmin.no
Frist for uttale er satt til den 13.02.2023.
Ved spørsmål, innspel eller for meir informasjon kan ein kontakte Petter E. T. Flotve på tlf. 95795230 eller Petter@byggadmin.no