Med heimel i plan- og bygningsloven §12-8 og §12-9 vert det varsla at Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS har starta arbeid med detaljregulering for tiltakshavar BioFish AS i Ljonesvågen.
Planområdet er på 59,4 daa og omfattar det eksisterande næringsarealet til BioFish AS, ei buffersone på vestsida av Ljoneselva, mogeleg område for utviding av næringsområde mot sør (ut i sjø) og aust (inn på LNF-areal), samt areal kring tilkomstvegen heilt opp til avkøyrsla mot fylkesvegen. Endeleg plangrense vert avklart som ein del av planprosessen.
Føremål:
Føremålet med planarbeidet kjem frå BioFish AS sitt ønske om å utvide det eksisterande setjefiskanlegget, då dagens anlegg er frå 1986 og tilfredsstille ikkje krava til teknologi, miljøomsyn og lønnsamheit. Dagens produksjon er beståande av setjefiskanlegg, oppvekst- og vaksinasjonsstasjonar som produsera smolt og postsmolt i lukka system.
Tiltakshavar ønsker no å leggje til rette for ombygging og utviding av dagens setjefiskanlegg til postsmolt-/matfiskanlegg, samt drive fram eigen matfisk. Det utvida anlegget er planlagt i sjøarealet og/eller landbruksareal tilknytt dagens anlegg, og vil ikkje medføre auke i vassforbruket til anlegget då dette ikkje er ønskeleg. Biofish ønsker å ta i bruk meir areal og endre bruken av anlegget frå gjennomstraumsanlegg til resirkuleringsanlegg og då kan produksjonskapasiteten aukast betydeleg.
Ved utviding i sjøareal var det først tenkt ei utfylling av sprengstein frå land på om lag 4 000 m3, noko som truleg ville gitt eit botnareal på omtrent 1 500 m3 i strandsona, men no ønsker ein å avvente og avklare kor inngrep kan skje gjennom denne planprosessen. Ved eventuell utfylling i sjø er det uansett planlagt å nytte spuntveggteknologi, kor det vert satt ned ein spuntkasse som kan tømme innhald og dermed byggje under havnivå. Fisketankane er tenk å vere om lag 10 m djupe, samt om lag 9 meter ned i grunnen inne i spuntkassen. På denne måten vil det visuelle og terrengmessige fotavtrykket til anlegget reduserast, samt at ein unngår dei fleste negative følgjer som ein fylling ville medført.
Planprosessen:
Med tanke på planprosessen fram til no vart det halde eit oppstartsmøte med administrasjonen i kommunen den 08.06.22 også ei politisk orientering i Kvam miljø, plan og bygningsutval den 20.09.22 og påfølgande prinsippavklaring i Kvam miljø, plan og bygningsutval den 01.12.22.
Det er ingen eksisterande detaljreguleringsplanar for næringsområdet til BioFish og Kvam herad sin kommuneplan (KPA) er gjeldande. Kartutklippet under syner status i KPA, og planønsket er delvis i tråd, og delvis i konflikt med føremåla. Nærare bestemt er utvidingsønske i sjø og i LNF-areal i konflikt med KPA, medan resterande næringsområdet elles er i tråd med KPA.
Planprogram:
Samstundes som det varslast oppstart av arbeid med denne detaljreguleringsplanen, vert forslag til planprogram lagt ut på høyring. Naboar eller andre partar som ønsker dette oversendt bes ta kontakt.
Føremålet med planprogrammet er i hovudsak å setje føringar for det vidare planarbeidet. Særleg med tanke på kva utbyggingsalternativ som vert vurdert, og kva utgreiingar planønsket utløyse. I planprogrammet ligg det no opp til 5 ulike utbyggingsalternativ i tillegg til eit 0-alternativ.
Konsekvensutgreiing (KU):
Planframlegget utløyser krav om planprogram og KU ettersom det er vesentlege verknader for miljø og samfunn. Dette kjem mellom anna av at ein har registrert naturtypen blautbotnsområde i sjøområdet der tenkt utfylling skal ta stad.
Planinitiativet og planprogrammet har vidare kartlagt at det er naudsynt å utvide kunnskapsgrunnlaget på truga artar, skredfare, fjernverknad, flaum og trafikktilhøve.
ROS-analyse:
Arbeid med detaljregulering utløyser alltid krav til ein risiko- og sårbarheitsanalyse, og denne skal belyse eventuelle faremoment i og kring planområdet.
Medverknad:
Merknader/uttaler kan sendast skriftleg til Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS, Postboks 103, 5649 Eikelandsosen eller til post@byggadmin.no innan 17.03.2023. Merknader og innspel vil ikkje bli svart ut direkte, men skal vurderast og kommenterast videre i planprosessen.
Oppstart av planarbeidet vert og varsla i Hordaland folkeblad den 03.02.2023 og annonse vert lagt ut på vår heimeside: https://byggadmin.no/kunngjeringar/ samt kommunens heimeside https://www.kvam.no/tenester/plan-bygg-og-eigedom/kunngjering-hoyring/
Ved spørsmål, innspel, oversending av planinitiativ, referat frå oppstartsmøte, planprogram eller for meir informasjon kan ein kontakte Petter E. T. Flotve på tlf. 95795230 eller Petter@byggadmin.no