Med heimel i plan- og bygningslova §12-8 varslast det at Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS har sett i gang arbeid med reguleringsplan for Knut Thorvald Hatteberg. Planområdet kan sjåast på vedlagt kart og er på om lag 17,1 daa.
Føremålet med planarbeidet er å regulere inn eit nytt naust på gbnr. 81/36 vegg i vegg med det eksisterande naustet på tomta og med tilhøyrande slippområde, samt forlenge den eksisterande moloen som skal være felles mellom gbnr. 81/13, 36 og 240.
Det vert og lagt til rette for gjennomgang av området gjennom ein grønstruktur, og det skal i den samanhengen ikkje setjast opp tiltak som kan innskrenke ålmenn ferdsel. Plandokumenta vil vidare vurdere tilkomst til sjø for alle eigendomane i planområde. Tiltakshavar har eit ønske om å sette opp eit gjerde med port for å halde inne husdyr, og dette vurdera ein i det vidare planarbeidet. Utover dette reguler ein dei eksisterande bustadane og bustadtomtene, samt legg opp til ei ny tomt på 81/13 (nord for eksisterande bygg), og omregulering av tilkomstvegen slik at den er i tråd med dagens situasjon og ikkje reguleringsplan for Rosendalstunet, PlanID 20080009.
Oppstartsmøte med administrasjonen i kommunen vart heldt den 18.12.2023 og oppstartsløyve vart gjeve i same møte. Ta gjerne kontakt med underteikna dersom de er interessert i å få oversendt av planinitiativ og referat frå oppstartsmøte.
I oppstartsmøtet fremja kommunen og eit ønske om å regulere inn om lag 10 parkeringsplassar på gbnr. 81/50 utifrå ein avtale mellom kommunen og Galeas Gurine, og dette legg ein opp til å sikra i dette planframlegget.
Overordna plan:
Kvinnherad kommune sin kommuneplan (KPA) er gjeldande og har avsett planområdet til bustad og bruk og vern av sjø og vassdrag med tilhøyrande strandsone. Planønsket er i hovudsak i tråd med KPA, med unntak av areal i sjø kor ein legg opp til ein utviding av eksisterande molo, og byggegrense til sjø for det nye naustet.
Konsekvensutgreiing (KU), ROS-analyse og andre utgreiingstema:
Planframlegget er ikkje KU-pliktig etter Forskrift om konsekvensutredninger ettersom det er i tråd med overordna plan og ikkje medføre risiko for vesentlege verknader for miljø eller samfunn.
Arbeid med detaljregulering utløyser imidlertid alltid krav om ein risiko- og sårbarheits analyse (ROS-analyse) og i denne saka er aktuelle tema trafikktryggleik, stormflo og overvatn.
Medverknad:
Merknad til planarbeidet skal sendast skriftleg til Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS, Postboks 103, 5649 Eikelandsosen eller til post@byggadmin.no. Frist for uttale er satt til den 11.04.2023.
Ved spørsmål, innspel eller for oversending av planinitiativ og referat frå oppstartsmøte kan ein kontakte Petter E. T. Flotve på tlf. 95795230 eller Petter@byggadmin.no. Oppstartsmelding, planinitiativ og referat frå oppstartsmøte er og tilgjengeleg på kommunen sin heimeside/planregisteret.
Oppstart av planarbeidet vert og varsla i Grenda, og kan for øvrig sjåast på vår heimeside https://byggadmin.no/kunngjeringar/.
Informasjonsmøte:
Det vert haldt eit informasjonsmøte i planområdet (lokala til tiltakshavar) tysdag den 14.03 kl. 17.00, og de som råka part eller nabo til planframlegget er hjarteleg velkommen til møtet. Der vert det forklart om planframlegget, og mogelegheit til å komme med spørsmål eller innspel. Send ein e-post til Petter@byggadmin.no for påmelding.