Med heimel i plan- og bygnignsloven §12-14 vert det med dette varsla om at Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS på oppdrag for Aarvik Eiendomsutvikling har sett i gong arbeid med endring av nemnde detaljregulering etter forenkla prosess.
I samband med byggesøknad i tråd med gjeldande plan på tomt BF-4 er det diverre noko lite med plass på tomta for bustadbygginga, og med det som bakgrunn har tiltakshavar vore i dialog med kommunen og vurdert dispensasjon for å gå utom byggegrensa, men ein søker i staden om å justere byggegrensa i gjeldande reguleringsplan ettersom det erfaringsmessig er betre med eit oppdatert plangrunnlag enn dispensasjon slik at ein og unngår eventuell presedensverknad av eit slikt vedtak.
Sidan ein allereie søker om ein mindre endring av planen ønsker ein samstundes å justere føremålsgrensa på tomt BF-1 ettersom grunneigar for denne tomta har erfart at det er lite rom for tilbygg og/eller boder på den tomta etter at den vart realisert i tråd med gjeldande plan.
Medverknad:
Eventuelle merknader eller innspel kan sendast skriftleg til Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS, Postboks 103, 5649 Eikelandsosen eller til post@byggadmin.no
Ved spørsmål eller for oversending av føresegn, søknadstekst, etc., ein kontakte: Petter E. T. Flotve på tlf. 95795230 eller petter@byggadmin.no
Frist for uttale er satt til 14.05.2024