Med heimel i plan- og bygningsloven §12-14 vert det med dette varsla om at Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS på oppdrag for forslagsstillar Mandelhuset Eigendom AS har sett i gong arbeid med ein ny detaljreguleringsplan for nemnde eigedom.
Planområdet er på om lag 5,7 daa. Tiltakshavar og eigar av Mandelhuset ønsker no å vidareutvikla dagens drift, der hovudføremålet til planen er å etablere eit hotellbygg på fire etasjar med inntil 35 hotellrom, nytt kjøkken med tilhøyrande frukost og bankettsal i 1. etasje i hotellbygget, samt eit torg med uteservering der «trepiren» er i dag.
I samband med dette vart det halde eit oppstartsmøte med planavdelinga i kommunen den 20.02.2024, og det vart i same høve einigheit om å sende planen til Formannskapet for å styrke planprosessen. Saka var oppe til handsaming i formannskapet, og det vart gitt fleirtal til godkjenning til varsling av oppstart av reguleringsplanen.
Tiltakshavar har ein klar visjon om å sikra eit godt samspel mellom eksisterande og nye bygg, og særleg vil det vere essensielt å skapa eit godt og attraktivt hotellbygg og promenade, med god arkitektonisk utforming.
I framkant av hotellbygget er det ønske om å etablere eit utandørs flytebasseng.
Merknader:
Eventuelle merknader eller synspunkt kan sendast skriftleg til Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS, Postboks 103, 5649 Eikelandsosen eller til post@byggadmin.no
Ved spørsmål, innspel, oversending av føresegn eller for meir informasjon kan ein kontakte Petter E. T. Flotve på tlf. 95795230 eller petter@byggadmin.no
Frist for uttale er satt til 13.06.2024