Med heimel i plan- og bygningsloven § 12-8 vert det med dette varsla om at Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS har sett i gang arbeid med reguleringsplan for Tone Østervold Marcelius og Stig Osebakken.
Planområdet er på 14 daa, og omfattar område ønska til fritidsbustader, areal til tilkomst og parkering på kvar enkelt fritidseigedom.
Oppstartsmøtet med administrasjonen i kommunen vart halde den 11.04.2024, og oppstartsløyve vart gjeve i same høve.
Føremålet med planarbeidet er å detaljregulere eksisterande og nye tiltak. Eksisterande tiltak er ein mur og planert område på gbnr. 118/30. Nye tiltak vert etablering av inntil 12 fritidsbustadar med tilhøyrande infrastruktur.
Etablering av fritidseigedommar på tomta vil vere i tråd med kringliggjande arealbruk, og dermed medføre at tiltaka ikkje vil framstå som framande element i landskapet, men heller ei naturleg utviding av det eksisterande hyttefeltet.
Når det gjeld høgspentlinja som går over tomta skal denne leggast i bakken, og dette vert lagt inn som eit rekkjefølgjekrav til planen.
Overordna plan Arealdelen til kommunedelplanen 2015-2027 for Fusa kommune (KDPA), har avsett området til fritidsbustad, og planframlegget er dermed i tråd med gjeldande plan.
Konsekvensutgreiing:
Planframlegget er ikkje KU-pliktig etter Forskrift om konsekvensutredninger ettersom planen er i tråd med overordna plan og ikkje medfører risiko for vesentlege verknadar for miljø eller samfunn. I høve til sistnemnde har Sunnfjord Geo Center AS på oppdrag for tiltakshavar utført ein skredfarevurdering på gbnr.118/30 for skredtypane lausmasse (jord- og flaumskred), snøskred, sørpeskred og steinsprang/steinskred. Befaring vart utført 21.09.2021 i samband med planlagt etablering av ein fritidsbustad på nemnde eigedom, og tiltaket fall dermed under sikkerheitsklasse S2. Det skal utførast skredfarevurdering i resterande areal i planområdet.
Arbeid med detaljregulering utløyser likevel alltid krav til ein risiko- og sårbarheitsanalyse, og i denne saka er aktuelle tema (oppdaterast fortløpande): Skredfare, kvikkleire, havnivåstigning, stormflo, overvatn og fjernverknad.
Medverknad:
Merknadar til planarbeidet kan sendast skriftleg til Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS, Postboks 103, 5649 Eikelandsosen. Eller til post@byggadmin.no. Frist for uttale er sett til 05.11.2024.
Ved spørsmål eller innspel kan ein kontakte Petter E.T Flotve på tlf. 95795230 eller Petter@byggadmin.no