Med heimel i plan- og bygningsloven § 12-8 og §12-9 vert det med dette varsla om at Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS har sett i gong arbeid med reguleringsplan for Rosendal Turisthotell.
Planområdet kan sjåast på vedlagt kart og er på om lag 6.1 daa, og omfattar område til å ønske å regulere inn eksisterande og nye tiltak. Eit apropos er at planområdet var 5,35 daa fram til oppstartmøte, men vart der utvida til 6,1 daa for å ta med tomt 82/67 og ekstra areal kring tilkomstvegen. Føremålet med planarbeidet er å opne for ei utviding av Rosendal Turisthotell me inntil 14 nye leilegheiter tilknytt hotellet. Endeleg utforming, høgde og storleik vert avgjort i det vidare planarbeidet.
Oppstartsmøte med administrasjonen i kommunen vart halde den 16.10.24, medan oppstartsløyve vart gjeve gjennom politisk handsaming i kommunestyremøte den 19.09.24.
Kvinnherad kommune sin kommuneplan (KPA) er gjeldande for planområdet og har avsett planområdet til framtidig sentrumsføremål, og det ligg inne ei omsynssone for støy for heile planområdet. Innanfor plangrensa er det vidare tre gjeldande reguleringsplanar og ved overlappande areal vert deler av desse oppheva som følgje av dette planframlegget jf. PBL §12-14. Desse tre regulerings-planane er synt i og er:
- PlanID 20110008 – Detaljreguleringsplan for endring av deler av Rosendal sentrum – 82/89, 30. Denne planen regulerer deler av området til hotell, samt har ein del overlappande veg- og fortausareal.
- PlanID 20060005 – Jensajorda – 82/5 – Rosendal Denne planen ligg i nordvestre del av planområdet, og har noko overlappande veg- og fortausareal
- PlanID 20070003 – Rosendal Sentrum Denne planen regulerer den største delen av utbyggingsområdet til bustad/forretning med spesialområde for bevaring av bygg og anlegg.
Planframlegget vart innleiingsvis vurdert til ikkje å utløyse krav om konsekvensutgreiing (KU), men etter dialog med Kvinnherad kommune som planmynde er ein komme fram til at plan-framlegget utløyse krav om KU, men utan planprogram eller melding. Kravet om KU kjem frå påverknad på landskap og på kulturmiljø og er heimla i §10 i forskrifta. Bakgrunnen til dette er planområdets plassering i eit verdifullt landskap og overordna kulturmiljø (jf. KU-forskrifta §10 annet og tredje ledd). Sistnemnde er og sikra gjennom eit spesialområde for vern av bygningar og anlegg i reguleringsplan PlanID 20070003 (3. i Figur 2) som er vidareført gjennom føresegna i KPA og då fortsatt gjeldande. Dette medføre at det skal gjennomførast ein KU for landskap og for kulturmiljø, og denne skal gjennomførast etter rettleiar M-1941.
Det er i alle plansaker, særskilte tema som bør få får meir merksemd i planprosessen og det skal difor utarbeidast ei eigen risiko og sårbarheitsanalyse jf. PBL §4-3. I denne plansaka er det støy og trafikktryggleik som er dei mest aktuelle temaane, men det kan og dukke opp hittil ukjente faktorar eller utgreiingstema i det vidare planarbeidet, vert desse vurdert fortløpande i samråd med kommunen.
Merknad til planarbeidet skal sendast skriftleg til Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS, Postboks 103, 5649 Eikelandsosen, eller til post@byggadmin.no innan 19.12.2024 Planinitiativ, saksprotokoll frå kommunestyremøte og rapport frå oppstartmøte er tilgjengeleg på kommunen si heimeside/planregisteret.
Ved spørsmål kan ein kontakte Petter E.T Flotve på tlf. 95795230 eller petter@byggadmin.no. Oppstart av planarbeidet vert og varsla i Grenda 14.11.24.
Det vert halde eit informasjonsmøte på turisthotellet onsdag 04.12 kl. 16.00, kor det vert forklart om planframlegget, og moglegheit til å kome med spørsmål eller innspel. Send ein e-post til petter@byggadmin.no for påmelding.