Med heimel i plan- og bygningslova §12-8 vert det varsla om at Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS har sett i gang arbeid med reguleringsplan for Gjerde Eigedom AS på nemnde eigedom.
Føremålet med planarbeidet er å opne for etablering av bustader i fleire felt i ein kombinasjon av fleirmannbustader med grøne buffersoner mellom felta, og tilpassing til kringliggjande bustadfelt. I
tillegg ønsker ein å regulere inn omsorgsbustader.
Planområdet er på 54,1 daa, og omfattar utbyggingsområdet og areal til tilkomst og parkering.
Oppstartsmøtet vart heldt den 09.09.2025 og oppstartsløyve vart gjeve i møtet.
Eventuelle merknader eller synspunkt kan sendast skriftleg til Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS, Postboks 103, 5649 Eikelandsosen eller til post@byggadmin.no innan 21.11.2025
Ved spørsmål, innspel, eller for meir informasjon kan ein kontakte Petter E.T Flotve på tlf. 957 95 230 eller Petter@byggadmin.no
Oppstart av planarbeidet vert og varsla i Samningen