Me bistod grunneigar med å lage detaljregulering med sikte på ein blanding av einebustader og fleirmannsbustader i tråd med overordna plan. Eigedommen ligg ideelt til med tanke på fortetting av eit allereie velutvikla bustadområde, nærleik til skule, barnehage og liknande. Eit hovudfokus har vore å skapa eit attraktivt leike- og uteopphaldsareal sentralt i planområdet for å skape eit mest mogeleg attraktivt bumiljø for det kommande bustadfeltet.
Det har vidare vore ein del trafikkulykker i området dei siste åra, og det har medført at planarbeidet hadde eit ekstra fokus på trafikktryggleik for mjuke trafikantar.
Detaljreguleringsplanen vart godkjent i kommunestyret den 31.03.2022.
Politikaranes handsaming av saka kan sjåast her:
https://bjornafjorden.kommunetv.no/archive/182
https://www.osogfusa.no/nyhende/om-det-er-ei-sak-eg-har-lyst-til-a-vera-pa-jordet-i-sa-er-det-denne/