Søre Neset IL har eit klart ønske om å utvide aktivitetstilbodet sitt på Søre Neset og me bistod med detaljregulering som mogleggjer bygging av idrettshallen SNIL-Arena, samt tilrettelegge det hittil utilgjengelege friluftsområdet ved Bjørnavatnet for bruk av idrettslaget, barneskulen og ålmenta.

I høve til detaljreguleringa var det og naudsynt med ein analyse og soneinndeling av Aurebekken kor det tidlegare har vore registrert elvemusling (no berre eit individ att), og søknad til Miljødirektoratet om permanent omdisponering av ein mindre del av det statleg sikra friluftsområdet.

Detaljreguleringsplanen vart godkjent i planutvalsmøtet den 01.06.22, og skal til slutthandsaming i kommunestyret den 16.06.22.

Me bistår vidare i prosessen som ansvarleg søkjar for tiltaket, prosjektering av vatn og avløpsanlegg, samt søkjar om fysiske inngrep i vassdraget.

https://www.osogfusa.no/nyhende/slik-ser-idrettslaget-fore-seg-den-nye-hallen-pa-halhjem/

https://www.midtsiden.no/vil-bygga-hall-pa-halhjem

Plankart 02.05.2022-A1