Med heimel i plan- og bygningsloven §12-14 vert det med dette varsla om at Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS på oppdrag for Søre Neset Arena har sett i gong arbeid med ein endring av nemnde reguleringsplan etter forenkla prosess.
Tiltakshavar har via sin tilknyting til Søre Neset Idrettslag ein intensjon om å tilby idretts- og treningsglede for alle på Søre Neset og omegn. Som eit ledd i dette hadde tiltakshavar ein intensjon om å etablere ein treningshall over den eksisterande fotballbanen i arealføremål BIA1 i gjeldande plan. Dette vart først tenkt gjennomført gjennom å ta ut BIA2 i gjeldande plan og erstatte den planlagde fleirbrukshallen med denne mindre treningshallen, men som ein del av høyringsprosessen har ein falt tilbake på å behalde godkjent hall i BIA2, og heller justere søknaden slik at det vert opna for ein mindre treningshall i BIA1 i tillegg til den originalt tenkte hallen i BIA2.
Intensjonen til tiltakshavar er fortsatt å fremme folkehelse og gjere Søre Neset til eit endå meir attraktiv lokal senter, og det vart sikra i gjeldande plan gjennom å etablere gangtilkomst fram til det pr. no nærmast unytta statleg sikra friluftsområdet ved Bjørnavatnet. Dette friluftsområdet har eit stort potensiale for ålmenn bruk, og sikring av enkel tilkomst til området vil vere til stor nytte for både idrettslaget, skulen og ålmenta generelt. Omsøkt endring legg difor ikkje opp til å mjuke opp nokon av rekkjefølgekrava satt i gjeldande plan knytt til friluftsområdet.
Nemnde relokalsering av SNIL-Arena vert omsøkt gjennom ein reguleringsendring etter forenkla prosess ettersom tiltaket fortsatt er i tråd med gjeldande plan, ettersom treningshallen ligg i føremål BIA1 og det kun er behov for mindre justeringar i arealføremål, byggegrense og føresegn.
Endringssøknaden medfører ikkje at det vert behov for ein auke i parkering ettersom bruken av idrettshallen i stor grad vert den same som bruken av eksisterande fotballbane, og samla effekt av søknaden vert at det vert etablert ein ny treningshall i BIA1, og at planlagd fleirbrukshall i BIA 2 fortsatt kan byggast, men då på eit seinare tidspunkt.
Medverknad:
Eventuelle merknader eller innspel kan sendast skriftleg til Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS, Postboks 103, 5649 Eikelandsosen eller til post@byggadmin.no
Ved spørsmål eller for oversending av føresegn, søknadstekst, etc., ein kontakte: Petter E. T. Flotve på tlf. 95795230 eller petter@byggadmin.no
Frist for uttale er satt til 16.03.2024