Med heimel i plan- og bygnignsloven §12-14 vert det med dette varsla om at Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS på oppdrag for Halhjemmarka Boligtun AS har sett i gong arbeid med endring av nemnde detaljregulering etter forenkla prosess.
Tiltakshavar har forsøkt å utvikle eigedommen i tråd med gjeldande plan, men har erfart at blokkbygg på eigendommen ikkje har truffet kjøpargruppa i området, og ønsker derfor å gjennomføre ein mindre endring av gjeldande plan slik at ein i staden for bustadblokk legg opp til konsentrert busetnad på eigendommen i form av 4 stk. 4-mannsbustader.
Denne endringssøknaden går då ut på å omregulere arealføremålet frå Boligbebyggelse-blokkbebyggelse til Boligbebyggelse – konsentrert småhusbebyggelse, og oppdatere plandokumenta i tråd med dette. Det er berre området som er regulert til bustad som vert endra, og ein legg med andre ord ikkje opp til ein reduksjon i regulert ute- og leikeområde.
Medverknad:
Eventuelle merknader eller innspel kan sendast skriftleg til Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS, Postboks 103, 5649 Eikelandsosen eller til post@byggadmin.no
Ved spørsmål eller for oversending av føresegn, søknadstekst, etc., ein kontakte: Petter E. T. Flotve på tlf. 95795230 eller petter@byggadmin.no
Frist for uttale er satt til 28.06.2024