Med heimel i plan- og bygnignsloven §12-14 vert det med dette varsla om at Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS på oppdrag for Harald Bjørndal har sett i gong arbeid med ein mindre endring av områdeplan for Eikelandsosen.

Bakgrunnen til søknaden er å opne for ein deling av gbnr. 122/12 med påfølgande etablering av ein ny einebustad.

 

Slik områdeplanen er pr. dags dato er heile gbnr. 122/12 regulert til bustad (BFS13), og denne omsøkte endringa legg opp til at deler av eigendommen vert avsatt til sentrumsføremål slik at eigedommen får same føresegn som BS9, og vil dermed få same føresegn som gbnr. 122/56.

Som nemnd så ønsker ein å etablere ein einebustad, og hovudgrunnen til at ein vel å endre føremål til sentrumsføremål for dette tiltaket kjem frå at ein legg opp til ein høgare utnyttingsgrad enn områdeplanen opnar for i BFS13, og derfor er ein meir tent med å endre føremål enn å oppdatere føresegna for BFS13 ettersom ein oppdatering av sistnemnde føresegn ville hatt større ringverknader for det eksisterande bustadområdet i BFS13.

 

Føresegn:

Den omsøkte endringa endrar noko på føresegna til BS9, og dette er ved å auke maks byggehøgd til 9 m. Dette medfører ein auke i maks byggehøgd på 1,5 m, men ettersom ein på denne tomta må ha tilkomst frå eksisterande veg i sør vert og planeringshøgd på same høgde som denne vegen, og det medføre vidare at sjølv om bygget kan vera 9 m høgt vert det verken ruvande eller liggande høgare i terrenget enn nabotomtene i BFS13, då deira bustadtomter er plassert høgare i terrenget.

Med tanke på arkitektur og estetikk skal bustaden tilpassast det eksisterande kulturmiljøet, og til dette arbeidet har ein engasjert arkitekt Lars J. Berge og nokre av illustrasjonane hans er limt inn i vedlagt søknad.

 

Medverknad:

Eventuelle merknader eller innspel kan sendast skriftleg til Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS, Postboks 103, 5649 Eikelandsosen eller til post@byggadmin.no

Ved spørsmål eller for oversending av føresegn, søknadstekst, etc., ein kontakte: Petter E. T. Flotve på tlf. 95795230 eller petter@byggadmin.no

 

Frist for uttale er satt til 04.04.24