Med heimel i plan- og bygningsloven §12-8 vert det med dette varsla at Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS på oppdrag for forslagsstillar Thorolf Fredriksen m.fl. har føretatt ein endring av plangrense på nemnde reguleringsplan. Det varslast og at Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS har teke over ansvaret for det vidare arbeidet med denne detaljreguleringsplanen frå Plan Consult AS.

Bakgrunnen til endring av plangrense er at ein i samspel med Kolbeinsvik Vel (på vegne av Kolbeinsvik Montessoriskole) har komme til einigheit om ei felles avkøyrsle, slik at ein kan utbetre avkøyrsles- og parkeringsforholda ved skulen samstundes som ein etablerer tilkomstveg til planområdet. Dette medfører ein meir trafikksikker avkøyrsle for skulen, betre parkeringsforhold og ein kortare og tryggare skuleveg frå planområdet fram til skule og barnehage via gangveg og fortau.

Nytt planområde vil vere på 30,2 daa og er fortsatt i tråd med gjeldande kommuneplan i sin heilheit. Endringa av plangrensa endrar ikkje på føremålet med planen og medfører heller ikkje krav om konsekvensutgreiing etter forskrift om konsekvensutredning.

Eventuelle merknader eller synspunkt kan sendast skriftleg til Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS, Postboks 103, 5649 Eikelandsosen eller til post@byggadmin.no

Frist for uttale er satt til den 17.03.2021.

Ved spørsmål, innspel eller for meir informasjon kan ein kontakte Petter E. T. Flotve på tlf. 95795230 eller Petter@byggadmin.no

Planavgrensing 22.02.2021 – A2