Med heimel i plan- og bygnignsloven §12-14 vert det med dette varsla om at Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS på oppdrag for Morten Aasbø har sett i gong arbeid med endring av nemnde reguleringsplan etter forenkla prosess.
Tiltakshavar har et ønske om å utvikle deler av gbnr. 311/4 til fritids- og turismeføremål med utgangspunkt i gjeldande detaljreguleringsplan for eigendommen. Bakgrunnen for søknaden er å oppdatere plangrunnlaget i tråd med dagens utbyggingsønske, og er i hovudsak eit reint arealmakebytte mellom føremåla Naust (a_UN_2) og camping (a_C_1) i gjeldande plan (Figur 1). Dette vert omsøkt ettersom tiltakshavar ser at ein er meir tent med å plassere dette felles servicebygget tilhøyrande campingplassen på dette området ettersom det då kan nyttast i tilknyting til både småbåtanlegget og badeplassen i tillegg til campingarealet.
Naustføremålet som flyttast er tenkt plassert i same område som servicebygget var regulert, og er tiltenkt ein blanding av naust og bodføremål.
Innleiingsvis var dette vurdert gjennomført via ein dispensasjonssøknad, men i planleggingsprosessen, samt gjennom søknad om utsleppsløyve, kom ein fram til at ein er meir tent med eit oppdatert plangrunnlag og søkjer derfor heller om ein endring av gjelande plan etter forenkla prosess. Som ein del av søknaden har tiltakshavar og tinga ei kartlegging av skredfare, og denne vert ferdigstilt som ein del av søknadsprosessen.
Medverknad:
Eventuelle merknader eller innspel kan sendast skriftleg til Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS, Postboks 103, 5649 Eikelandsosen eller til post@byggadmin.no
Ved spørsmål eller for oversending av føresegn, søknadstekst, etc., ein kontakte: Petter E. T. Flotve på tlf. 95795230 eller petter@byggadmin.no
Frist for uttale er satt til 22.05.2024