Med heimel plan- og bygningsloven § 12-14 vert det med dette meldt at fagkunnig Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS på oppdrag for forslagsstillar Kvinnherad Bygg AS søker om ein mindre endring av detaljreguleringsplan for Huldrehaugen, Herøysund (PlanID: 20030020).

Endringa kjem i samband med at tiltakshavar ønsker å auke utnyttingsgraden frå 25 til 40% på gbnr. 138/34, 36 og 53 ettersom utnyttingsgradene på tomtene er for små til ønska arealbruk. Dette er nokon av dei få tomtene som ikkje er realisert i tråd med gjeldande plan, og arealbruken på disse vert nokre tomannsbustader og nokre einebustader med garasje. I samband med den mindre endringa legg ein og opp til takvinkelen skal være mellom 3 og 40 grader slik at ein kan bygge ut i eit meir funkispreg.

I same høve har fleire gbnr. i planområdet også fått auka sin utnyttingsgrad – Dette er i tråd med gjeldande dispensasjoner, planendringer og framtidige utbyggingsønsker.  Endringa av planen skjer berre i føresegna til planen.

Eventuelle merknader eller synspunkt kan sendast skriftleg til Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS, Postboks 103, 5649 Eikelandsosen eller til post@byggadmin.no

Ved spørsmål, innspel eller for meir informasjon kan ein kontakte Petter E. T. Flotve på tlf. 95795230 eller Petter@byggadmin.no

Frist for uttale er satt til 06.05.2021.