Med heimel i plan- og bygningslova §12-14 annet ledd, varslast det om at Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS på vegne av tiltakshavar ABC-hus søker om ein mindre endring av nemnde reguleringsplan.
Planens hovudformål vert uendra av denne søknaden, og vil forsett være bustadområde med tilhøyrande naudsynt arealføremål som tilkomstveg, parkering, gangveg, fellesområde og liknande.
Den mindre endringa går ut på å redusera parkeringsplassar i arealføremål B4, B5 og B6. Her vil parkering gå frå 2 til 1 parkering per bueining. Dette medfører ein nedgang på 10 parkeringsplassar, og desse vert no flytta til ein ny felles parkeringsplass i eit område lenger vekke frå bustadane. Dette område er i gjeldande plan avsatt til f_U2 og vil få endra arealformål frå uteareal til parkering.
Endringa utløyser krav om revidering av risiko- og sårbarheitsanalysa (ROS-analyse) som vart laga i samband med gjeldande plan, samt nye vurderingar av forholda kring vatn, avløp og overvatn.
I tillegg vert det nokon endringar i føresegna som sikrar parkeringsplass til personar med nedsett funksjonsnivå, og at vert pålagt å tilrettelegge for lademogelegheit for el-bil ved B4 – B6.
Ved spørsmål, innspel eller meir informasjon kan ein kontakte Petter E. T. Flotve på tlf. 957 95 230 eller Petter@byggadmin.no
Merknad til endringa kan sendast skriftleg til Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS, Postboks 103, 5649 Eikelandsosen eller til post@byggadmin.no innan 19.10.2021.