Med heimel plan- og bygningsloven § 12-14 vert det med dette meldt at fagkunnig Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS på oppdrag for forslagsstillar Ospelunden AS søker om ein mindre endring av detaljreguleringsplan for Ospelunden bustadfelt (PlanID: 20030020).

Eksisterande reguleringsplan er originalt frå 2004, og var sist endra i 2012. I tillegg er det gitt 5 dispensasjonar frå original plan. Føremålet med gjeldande plan er etablering av eit bustadfelt med tilhøyrande infrastruktur, og endringsforslaget vidareføre disse hensiktene.

Bakgrunnen for endringa er:

  • Etablere tomannsbustad på noverande bustadtomt T20, T21, T22 og T23.
  • Endring av grense på bustadtomt T24
  • Fjerning av regulert høgspentlinje ettersom denne er lagt i bakken ein anna stad.
  • Endring av grensene på F05 (friluftsområde)
  • Generell oppdatering av plankart.

 

Eventuelle merknader eller synspunkt kan sendast skriftleg til Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS, Postboks 103, 5649 Eikelandsosen eller til post@byggadmin.no

Ved spørsmål, oversending av vegteikningar, innspel eller for meir informasjon kan ein kontakte Petter E. T. Flotve på tlf. 95795230 eller Petter@byggadmin.no

Frist for uttale er satt til den 30.03.2021.

Plankart – Mindre endring