Med heimel plan- og bygningsloven § 12-14 vert det med dette meldt at fagkunnig Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS på oppdrag for forslagsstillar Buen Partner Vest søker om ein mindre endring av nemnde detaljregulering.

Eksisterande reguleringsplan er originalt frå 1986, men har vore endra fleire gongar, og siste vedtak i Kvam heradsstyre var i 2007. Føremålet med planen er etablering av 7 fritidsbustader med tilhøyrande infrastruktur på 7 tomter. Endringsforslaget vidareføre og endrar ikkje på hensiktene med planen.

Endringsforslaget opnar for å auke maks gesimshøgd frå 3 m til 4 m, for å få ei betre utforming av fritidsbustadane som er tenkt på tomtene og forlenge veg FA2 slik at tomt 2 og 3 for tilkomst via denne, og ikkje FA1 slik tidlegare plan opna for.

Eventuelle merknader eller synspunkt kan sendast skriftleg til Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS, Postboks 103, 5649 Eikelandsosen eller til post@byggadmin.no

Frist for uttale er satt til den 11.03.2021.

Ved spørsmål, oversending av teikningar av fritidsbustadane, notat frå oppstartsmøte, innspel eller for meir informasjon kan ein kontakte Petter E. T. Flotve på tlf. 95795230 eller Petter@byggadmin.no

Plankart-A3