Med heimel plan- og bygningsloven § 12-14 vert det med dette meldt at fagkunnig Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS på oppdrag for forslagsstillar Rosendal Brygge søker om ein mindre endring av detaljreguleringsplan Rosendal sentrum for deler av 82/89 og 30 – bytting av areal og realtilpassing av tiltak (PlanID: 20110008).

Føremålet med planendringa er å opne for eit leilegheitsbygg på gbnr. 82/185 og 195, istaden for to som gjeldande plan legg opp til. Samstundes er det naudsynt med ein omregulering av blant anna o_KV3, f_LEIK1, PP3, f_PP4, o_FT7 og o_FT8. I samband med endringa ba og kommunen om ein justering av regulert vegareal i tilgrensande plan i vest (PlanID: 20190008) slik at denne og vert oppdatert som følgje av planendringa. Dette medførte at dei to planane er samanføydd til ein plan.

Eventuelle merknader eller synspunkt kan sendast skriftleg til Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS, Postboks 103, 5649 Eikelandsosen eller til post@byggadmin.no

Ved spørsmål, innspel eller for meir informasjon kan ein kontakte Petter E. T. Flotve på tlf. 95795230 eller Petter@byggadmin.no

Frist for uttale er satt til den 23.07.2021. Grunna ferietid er det høve til å sende inn merknad etter uttalefristen er ute, dersom ferieavvikling er årsaka til at det ikkje var mogeleg å imøtekoma fristen. Ber i så høve om ein kort forklaring i oversendinga.