Med heimel i plan- og bygningsloven § 12-8 vert det med dette varsla om at Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS har sett i gang arbeid med reguleringsplan for tiltakshavar Hellegard AS v/Dan Frode Helle
Det vart halde oppstartsmøte med administrasjonen den 18.8.2023, og oppstatsløyve vart gjeve administrativt i etterkant av møtet.
Føremålet med detaljreguleringa er å etablere fritidsbustader er i tråd med føremål satt i kommuneplanens arealdel (KPA), på same måte følger ein opp føringane satt i KPA vedr. storleik og utforming av fritidsbustader. Med tanke på antal fritidsbustader er det satt ei maks grense på 30 bueiningar.
Planområdet er på 144 daa, og omfattar i hovudsak areal som ikkje er regulert (Vedlegg 1). Unntaket er at planframlegget erstattar og regulere om den regulerte veg til tilgrensande reguleringsplan «Detaljreguleringsplan for Rolfsnes, gnr 76 bnr 99» frå 1990. Bakgrunnen til dette er at denne vegen er detaljprosjektert på nytt for å betre tilpasse den terrenget og dermed spare inngrep (Vedlegg 2).
Planframlegget regulerer ein større del av gbnr. 76/2 enn areal avsatt til fritidsbustad i KPA, og areal som ikkje er i tråd med føremålet i KPA vert avsatt til friområde/LNF.
Ettersom utbygginga er i tråd med kommuneplanen, og ein ikkje legg opp til tiltak med fare for miljø- og samfunnssikkerheit, er det ikkje stilt krav om konsekvensutgreiing. Arbeid med detaljregulering utløyser likevel alltid krav til ein risiko- og sårbarheitsanalyse. Tema som er aktuelt i dette høve er (oppdaterast fortløpande): Skredfare, høgspentanlegg, vegforhold flaum og overvatn.
Merknader:
Eventuelle merknader eller synspunkt kan sendast skriftleg til Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS, Postboks 103, 5649 Eikelandsosen eller til post@byggadmin.no. Varselet er og lagt ut på Byggadministrasjonen sine nettsider https://byggadmin.no/kunngjeringar/
Ved spørsmål kan ein kontakte Petter E. T. Flotve på tlf. 95795230 eller Petter@byggadmin.no
Frist for uttale er satt til den 13.06.2024