Med heimel i plan- og bygningsloven §12-8 og §12-9 vert det varsla om at Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS har sett i gong arbeid med ein detaljreguleringsplan for tiltakshavar Stein Forde Ekreskar på nemnde eigedom.

Føremålet med planarbeidet er å detaljregulere inntil 10 nye tomter til fritidsbustadar med tilhøyrande infrastruktur.

Planområdet er på 40,9 daa omfattar område ønska til fritidsbustader, areal til tilkomst og parkering.

Oppstartsmøtet vart halde den 02.12.2024, og oppstartsløyve vart gjeve i same høve. Planframlegget utløyser vidare krav om konsekvensutgreiing for tema strandsone og jordvern, og utgreiinga skal utarbeidast etter rettleiar M-1941.

Naboar og grunneigarar vert varsla direkte. Merknad til planarbeidet skal sendast skriftleg til Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS, Postboks 103, 5649 Eikelandsosen, eller til post@byggadmin.no innan 07.03.2025

Ved spørsmål, innspel eller for oversending av planinitiativ og referat frå oppstartsmøte kan ein kontakte Petter E. T. Flotve på tlf. 95795230 eller Petter@byggadmin.no