Med heimel i plan- og bygningsloven § 12-8 vert det med dette varsla om at Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS har sett i gang arbeid med detaljreguleringsplan på gbnr. 177/29 for Vidar Vindenes.
Planområdet er på om lag 18,8 daa og bakgrunnen for planarbeidet er at tiltakshavar ønsker å utvikle eigedommen ved å legge opp til nye tomter for fritidsbusetnad. Vedlagt planinitativ skildrar dette i større detalj, men det totalte utbyggingsønske er inntil 10 nye fritidsbustader og 2 naust med tilhøyrande infrastruktur og parkering. Etablering av fritidseigedommar på tomta vil vere i tråd med kringliggjande arealbruk, og dermed medføre at tiltaka ikkje vil framstå som framande element i landskapet, men heller ei naturleg utviding av det eksisterande hyttefeltet.
Arealdelen til kommunedelplanen 2015 – 2027 (KDPA) for Fusa kommune er gjeldande for planområdet. KDPA har avsett planområdet til fritidsbustadar og naustområde, og planen er dermed i tråd med KDPA. Ein har vidare tenkt å følgje føresegna til KDPA, og dei føringane dei har satt for fritidsbustader og naust
Konsekvensutgreiing:
Planframlegget er ikkje KU-pliktig etter Forskrift om konsekvensutredninger ettersom planen er i tråd med overordna plan, og ikkje medfører større risiko for vesentlege verknadar for miljø eller samfunn. Arbeid med detaljregulering utløyser likevel alltid krav til ein risiko- og sårbarheitsanalyse, og i denne saka er aktuelle tema (oppdaterast fortløpande): marinleire, 200-års flaum, tiltak i sjø (naust/kai).
Medverknad:
Merknadar til planarbeidet kan sendast skriftleg til Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS, Postboks 103, 5649 Eikelandsosen. Eller til post@byggadmin.no. Frist for uttale er sett til 23.01.2025
Ved spørsmål eller innspel kan ein kontakte Petter E.T Flotve på tlf. 95795230 eller Petter@byggadmin.no