Med heimel i plan- og bygningslova §12-8 vert det varsla om at Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS har sett i gang arbeid med reguleringsplan for tiltakshavar Inger Ragnhildstveit og Oddbjørn Lunde på nemnde eigedom.
Planområdet er på om lag 57 daa og omfattar ønska utvidingsareal til bustadfelt, ein del eksisterande bustad, samt ein del vegareal. Føremålet med reguleringa er å fortette eit eksisterande bustadområde med inntil 31 nye bueiningar i tråd med arealføremål i Kommuneplan for Bjørnafjorden Vest (KDPA).
Oppstartsmøte vart heldt den 06.01.2025, og oppstartsløyve vart gjeve i same møte.
Merknad til planarbeidet skal sendast skriftleg til Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS, Postboks 103, 5649 Eikelandsosen eller til post@byggadmin.no innan 16.05.2025
Ved spørsmål, innspel eller for oversending av planinitiativ og referat frå oppstartsmøte kan ein kontakte Petter E. T. Flotve på tlf. 56581130 eller Petter@byggadmin.no