Med heimel i plan- og bygningslova §12-8 vert det varsla om at Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS har sett i gang arbeid med reguleringsplan for Trygge barnehager AS.

Planområdet er på om lag 13,9 daa og ligg sør i Øygarden kommune. Ein legg opp til å endre deler av to eksisterande reguleringsplanar og har av den grunn fått eit nytt plannamn, samt eige Plan-ID. Dei to gjeldande reguleringsplanane for området er Reguleringsplan for gang og sykkelveg – Kleppe – Klokkarvik – Laksen (PlanID 124519980002) og Reguleringsendring 14_12 Fardal Kleppe (PlanID 124520050006), korav førstnemnte regulerer område kring fylkesvegen, og sistnemnte regulerer store deler av bustadfeltet.

Det vart først haldt oppstartsmøte med administrasjonen den 26.01.2022 også nytt oppstartsmøte den 10.11.2022. Oppstartsløyve vart gjeve i sistnemnde møte.

Føremåla i kommuneplanen (KPA) og reguleringsplan på eigedom 114/194 harmonerer ikkje med kvarandre, då Reguleringsplan for gnr. 14 bnr. 12 – Fardal – Kleppe (Figur 2) er frå 2005 og seier at gnr.114 bnr.194 er regulert til allmennytta formål (underformål barnehage), mens KPA har avsatt planområdet og nærområdet direkte rundt til bustad. I dette høve gjeld reguleringsplanen framføre KPA ettersom den er vidareført gjennom føresegna til KPA for gamle Sund kommune.

Føremålet med planarbeidet er å regulere gbnr. 114/194 til bustad. Med tanke på utforming ynsker ein å følge den eksisterande byggeskikken i området, det vil også leggast vekt på grøntområde inne i planområdet, samt leikeplass, privat fellesareal og fortau. Maks antal nye bueiningar i planområdet er 12, og planområdet er vurdert som eit ideelt denne type for utvikling ettersom det medføre ei fortetting i det allereie velutvikla bustadområde. Planarbeidet utløyser ikkje krav om konsekvensutgreiing, men arbeid med detaljregulering utløyser alltid krav til ein risiko- og sårbarheitsanalyse, og denne skal belyse eventuelle faremoment i og kring planområdet. Aktuelle vurderingstema som får spesiell merksemd er pr. no overvatn, støy og trafikktilhøve.

Medverknad:
Merknader/uttaler kan sendast skriftleg til Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS, Postboks 103, 5649 Eikelandsosen eller til post@byggadmin.no innan 14.02.2023.

Merknader og innspel vil ikkje bli svart ut direkte, men skal vurderast og kommenterast videre i planprosessen. Alle innsendte merknader med kommentarar blir sendt til kommunen ved innlevering av planforslaget.

Oppstart av planarbeidet vert og varsla i Vestnytt den 17.01.23 og annonse vert og lagt ut på kommunens heimeside https://www.oygarden.kommune.no/tjenester/innsyn-og-naring/kunngjeringar-og-hoyringar/

Ved spørsmål, innspel, oversending av planinitiativ, referat frå oppstartsmøte, eller for meir informasjon kan ein kontakte Petter E. T. Flotve på tlf. 95795230 eller Petter@byggadmin.no

Vidare saksgang:
Etter utgått merknadsfrist vil eit planforslaget utarbeidast, og vil deretter bli sendt til Øygarden kommune for behandling. Når 1. gangs behandling er gjennomført, blir planen lagt ut på høyring og offentleg ettersyn i seks veker. Under denne perioden er det mogleg å sende inn merknader før politisk behandling og eventuelt vedtak.

Plangrense 05.01.2023

Varsel – Vestnytt 16.01.2023