Oppstart av arbeid med privat detaljregulering for del av gbnr. 217/1 m.fl. Hjartnes.
Med heimel i plan- og bygningslova §12-8 vert det varsla om at Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS har sett i gang arbeid med reguleringsplan for Øyvind Hjertnes på nemnde eigedom.
Planområdet er på 24,9 daa og uregulert. Arealdelen til kommunedelplanen har avsett området til naust på land og småbåthamn i sjø. Føremålet med reguleringa er å legge til rette for eit naustområde med tilhøyrande infrastruktur, kai og flytebrygge.
Oppstartsmøte vart heldt den 02.03.20 og oppstartsløyve vart gjeve den 31.03.20
Merknad til planarbeidet skal sendast skriftleg til Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS, Postboks 103, 5649 Eikelandsosen eller til post@byggadmin.no innan 01.05.2020.
Ved spørsmål, innspel eller for oversending av planinitiativ og referat frå oppstartsmøte kan ein kontakte Petter E. T. Flotve på tlf. 56581130 eller Petter@byggadmin.no