Oppstart av arbeid med privat detaljregulering for Skeisstøa, Nordstølen, 36/12.
Med heimel i plan- og bygningslova §12-8 vert det varsla om at Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS har sett i gang arbeid med reguleringsplan for Jon Grindevoll på nemnde eigedom.
Planområdet er på 18,7 daa og uregulert og er i hovudsak avset til bustad i gjeldande kommunedelplan. Føremålet med reguleringa er å legge til rette for eit bustadfelt med ein hovudvekt av einebustader og nokre fleirmannsbustader, samt tilhøyrande infrastruktur.
Oppstartsmøte vart heldt den 05.03.2020 og oppstartsløyve vart gjeve via sak 108/2020 i Plan- og bygningsutvalet den 07.05.2020.
Merknad til planarbeidet skal sendast skriftleg til Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS, Postboks 103, 5649 Eikelandsosen eller til post@byggadmin.no innan 30.06.2020.
Ved spørsmål, innspel eller for oversending av planinitiativ og referat frå oppstartsmøte kan ein kontakte Petter E. T. Flotve på tlf. 56581130 eller Petter@byggadmin.no