Med heimel i plan- og bygningslova §12-8 vert det varsla om at Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS har sett i gang arbeid med detaljreguleringsplan på vegne av Søre Neset IL på nemnde eigedom.
Planområdet er på 84,1 daa og er i hovudsak avsett til offentleg område, idrettsanlegg og friluftsområde i gjeldande kommunedelplan. Reguleringsplanen Halhjemsmarka, Søre Neset idrettspark frå 2009 er gjeldande plan i område, og denne har avsett området til offentleg bygg og anlegg for idrett og sport.
Føremålet med reguleringa er å legge til rette for idrettshall i området nord/nordvest for Halhjem Barneskule. Området er ideelt for føremålet sidan det kan knytast til eksisterande idrettsanlegg i området. I samband med dette ser ein òg mogelegheit til å utbetre parkeringstilhøva for idrettsanlegget samt sikre tilkomst til friluftsområde ved Bjørnavatnet.
Oppstartsmøte vart held den 11.06.2020. Dette resulterte i at administrasjonen gav oppstartsløyve den 26.06.2020 (Saksnr. 20/8716).
Merknad til planarbeidet skal sendast skriftleg til Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS, Postboks 103, 5649 Eikelandsosen eller til post@byggadmin.no innan 25.08.2020.
Ved spørsmål, innspel eller for oversending av planinitiativ og referat frå oppstartsmøte kan ein kontakte Petter E. T. Flotve på tlf. 56581130 eller Petter@byggadmin.no