Med heimel i plan- og bygningslova §12-8 varslast det at Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS har sett i gang arbeid med reguleringsplan for Ullvarehagen AS på nemnde eigedom. Planområdet er på om lag 19,8 daa, og forutset riving av Ullvarefabrikken. Oppstartsmøte vart heldt den 01.09.22 oppstartsløyve vart gjeve i same møte.

Føremålet med planarbeidet er å legge til rette for bustadutbygging med opptil 50 – 70 bueiningar fordelt på 3 blokker, samt 2 – 3 fleirmannsbustader. Skissa på Figur 1 syner eit døme på korleis dette kan gjerast, men den er berre ei innleiande skisse og ein vil i løpet av planprosessen jobbe meir med detaljutforminga av planområdet. Den eksisterande blokka på tomta vil og bli gitt eit estetisk løft som sikrar eit betre samspel med ønska utbygging, dette vil og gi ein meir positiv oppleving av byggets plassering i landskapet, og gi en heilskapleg atmosfære. Planlegginga skal vidare ha eit fokus på å sikra gode uteopphaldsareal og leikeplassar.

Arealdelen til kommunedelplanen (KPA) har avsett området til kombinert bustad og anlegg, og næring (Figur 2). Planframlegget er delvis i tråd med dette, og delvis i konflikt ettersom ein ikkje legg opp til næring. Det er vidare fleire omsynssoner som ligg i og kring planområdet, og dette vert eit tema i det vidare arbeidet. Plangrensa er utvida noko i nordvestleg retning, og det er for å sikra turveg til eksisterande friluftsområde gjennom planområdet.

 

Konsekvensutgreiing (KU):

Planframlegget er KU-pliktig etter Forskrift om konsekvensutredninger §8 bokstav a ettersom den medføre risiko for vesentlege verknader for miljø eller samfunn etter ein samla vurdering av §10 i same forskrift. Ta kontakt med underteikna for ein meir detaljert vurdering.

Tema som må belysast i det vidare planarbeidet er særleg konsekvens tiltaket vil ha på det overordna landskapet, verna vassdrag, tilgrensande kulturmiljø og flaumfaren i planområdet.

Effekten på overordna landskap og tilgrensande kulturmiljø skal gjerast gjennom analyser av fjernverknader i eigen rapport eller i eit eige kapitel i planomtalen. Analysane må innehalde fleire perspektiv som syner utbyggingas tilpassing og plassering i landskapet, med eit særleg fokus frå området aust for planområdet.

Effekten på verna vassdrag må belysast i planomtalen, med eit fokus på korleis ein sikrar minst påverknad på vassdraget samstundes som ein sikrar kantvegetasjonen.

Flaumfare må vurderast i ein eigen flaumfarerapport og må enten syne at ein kan etablere bustader i planområdet utan at det er fare for flaum, eller avbøtande tiltak som reduserer flaumfaren til eit akseptabelt nivå.

 

ROS-analyse:

Arbeid med detaljregulering utløyser alltid krav om ein risiko- og sårbarheits analyse (ROS-analyse) og i denne saka er aktuelle tema forureina grunn, trafikktilhøve, overvatn, friluftsområde og kulturminne.

Med tanke på trafikktilhøve er det verdt å nemne at tilkomst til planområdet skal skje via eksisterande veg langs Melselva. Denne må dermed utbetrast og utvidast slik at den vert om lag 5 m brei og får eit opphøgd fortau mot elva på 2,5 m. I tillegg vert det krav om at det opparbeidast fortau på nordsida av Baronivegen frå brannstasjonen og fram til eksisterande fortau ved Kyrkjevegen slik at mjuke trafikantar kan gå frå planområdet til sentrum på fortau.

 

Medverknad:

Merknad til planarbeidet skal sendast skriftleg til Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS, Postboks 103, 5649 Eikelandsosen eller til post@byggadmin.no. Frist for uttale er satt til den 11.11.2022.

Ved spørsmål, innspel eller for oversending av planinitiativ og referat frå oppstartsmøte kan ein kontakte Petter E. T. Flotve på tlf. 95795230 eller Petter@byggadmin.no

Oppstart av planarbeidet vert varsla i Grenda den 29.09.22. Varselet kan elles sjåast på kommunen sin heimeside  https://www.kvinnherad.kommune.no/index.php?cat=431590

 

Annonse Grenda 290922

Planområde 01.09.2022